Logoped

Informasjon om søknad til logopedteneste ved Fjell vaksenopplæring

Retten til logopedtjeneste har heimel i opplæringslova § 4A-2. Rett til spesialundervisning på grunnskolens område.

Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.

Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.

Du kan trenge kartlegging, rettleiing og undervisning frå logoped dersom du

  • har tale- og språkvanskar etter sjukdom og skade i hjernen (f.eks. hjerneslag)
  • treng grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
  • stammar eller har taleflytvanskar
  • har stemmevanskar
  • treng grunnleggjande lese- og skriveopplæring etter skade/sjukdom.

Søknad til logoped

Skriftleg på eige skjema eller anna tilvisingsbrev, f.eks. frå lege.

Du kan få hjelp frå kommunen/vaksenopplæringa til å søkje om logopedteneste.

Tenesta er gratis.

Søknaden vil bli handsama i vårt inntaksteam og søkjar vil evt. få ein konsultasjonstime med logoped, der ein kan få ei vurdering av vanskane, råd og rettleiing.

Send søknaden til

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Søknadshandsaming

Kommunen gjer eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar.

Transportbehov

Dersom du får tilbod hos logoped kan du ha rett til fri skyss til undervisninga ved Fjell vaksenopplæring, Grønamyrsvegen 2, 5353 Straume.

Dersom du treng tilpassa transport må legeerklæring leggast ved.

Høve til klage

Ein kan sende klagen til den instansen som har gjort vedtaket innan tre veker frå du motar vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal Fjell vaksenopplæring vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Fylkesmannen.

Meir informasjon