Pedagogisk plattform

LOVVERK

Introduksjonslova og Det felles europeiske rammeverket. Retten til opplæring for nykomne innvandrarar.

Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nykomne innvandrarar

Opplæringslova kapittel 4A.Retten til opplæring for vaksne.

Retten til opplæring for vaksne etter Opplæringslova kapittel 4A.

 

MÅL

Målet vårt er å ha eit læringsmiljø som stimulerer til utvikling, læring og auka livskvalitet. Vi ønskjer å bidra til å gi den einskilde respekt, fellesskap og tilhøyrsle i samfunn, kultur og tradisjonar.

DELTAKARAR

  1. Vaksne innvandrarar på introduksjonsprogrammet
  2. Vaksne innvandrarar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
  3. Vaksne innvandrarar som treng opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  4. Vaksne med manglande grunnskuleopplæring
  5. Vaksne som treng spesialundervisning

INFORMASJON OM SKULEN

Skulen held til sentralt på Straume. Dei tilsette på skulen er rektor, rådgjevar, merkantilt, 12 pedagogar, logoped og assistent. I tillegg morsmålslærar etter behov.

SAMARBEIDSPARTNARAR

Ansvaret for vaksenopplæringa er delt mellom kommune, fylkeskommune og stat.

Vaksenopplæringa skal ha god kvalitet, og byggje på likestilling, likeverd og heilskapleg tilnærming. Vi samarbeider med ulike aktørar for å tilpasse opplæringstilbodet til den einskilde deltakaren/eleven.

OPPLÆRINGSTILBOD

etter Introduksjonslova

Vi tilbyr opplæring frå nivå A1 til B2 i norsk og i samfunnskunnskap på A2 nivå. Undervisninga byggjer på læreplanen i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar. Opplæringa fører fram til muligheit for å ta avsluttande prøvar som dokumenterer kunnskap i norsk og samfunnskunnskap. Norskprøven kan opna for deltaking i vidare utdanning og/eller arbeidsliv.

GRUNNSKULEOPPLÆRING

Kapittel 4 – individuell vurdering i grunnopplæring særskilt organisert for vaksne 

OPPLÆRINGSTILBOD – § 4A – 1

Alternativ 1: Eksamensretta

Opplæringa kan føra fram til grunnskulevitnemål. Dette gir rett til å søkja vidaregåande opplæring. For å få eit fullverdig vitnemål, krev ein karakterar i dei skriftlege faga norsk, engelsk og matematikk og dei munnlege faga naturfag og samfunnsfag. Ein kan også ta eksamen i enkeltfag.

Alternativt 2: Opplæring i grunnleggjande ferdigheiter

Dette er opplæring i kommunikativ-, og digitale kompetanse, lese-, skrive- og regneferdigheter.

Vilkår

Vaksne over 16 år som ikkje har fullverdig grunnskule, som treng opplæring i eitt eller fleire fag eller delar av eit fag, for å kunna få rett til vidaregåande opplæring.

 

SPESIALUNDERVISNING – § 4A – 2

Som vaksen har du rett til spesialundervisning i faga i grunnskulen:

  1. om du ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av eit ordinært opplæringstilbod gitt etter § 4A – 1 i Opplæringsloven.
  2. om du treng særleg opplæring for å utvikla eller halda ved like grunnleggjande ferdigheiter.

 

Sakkyndig vurdering

Før du kan få eit tilbod, må det liggja føre sakkyndig uttale om retten til spesialundervisning. Slik uttale gir Pedagogisk-Psykologisk- Teneste (PPT).

 

LÆRINGS- OG KUNNSKAPSSYN

tilpassa opplæring

Skulen har eit breitt pedagogisk kunnskapssyn. Lærarane tar i bruk ulike metodar og arbeidsmåtar slik at deltakarane får best mogleg tilpassa opplæring. Skulen arbeider med vurdering for læring – læringsleiing, og vi er med i utdanningsdirektoratet si satsing SkoleVFL. Vi har ansvar for å skapa utvikling og å sikra kvalitet i det pedagogiske arbeidet.

 

LÆRINGS- OG ARBEIDSMILJØ

alle skal bli sett og høyrt

Tryggleik og trivnad er vilkår for motivasjon og læring.

I arbeidet for eit best mogleg læringsmiljø må både tilsette og deltakarar/elevar medverke.

SKULEN SI KULTUR og HALDNINGAR

inkluderande fellesskap

  1. Vi bryr oss om deltakarane/elevane, og vi «ser» alle
  2. Vi har fokus på å skape eit godt fellesskap, der deltakarane/elevane skal kjenne seg trygge.
  3. Vi viser omtanke for kvarandre
  4. Vi ser verdien av eit kulturelt og religiøst mangfald blant deltakarane
  5. Vi legg stor vekt på deltakarmedverknad.

 

FORVENTNINGAR TIL KVARANDRE

Det krev samhandling om vi skal lukkast

Av personalet kan deltakarane/elevane vente at:

  1. vi arbeider for å skape eit triveleg og godt læringsmiljø
  2. alle tilsette er tydelege på kva forventningar vi har, og kva som er viktig for arbeidet på skulen
  3. vi gir deltakarane/elevane tilpassa opplæring
  4. vi evaluerer vårt eige og deltakarane/ elevane sitt arbeid kontinuerlig

 

Av deltakar/elev forventar vi at:

  1. dei følgjer «Ordensreglementet»
  2. dei har ei positiv haldning til skulen.